I Evanger var det mange brattlende fjellgardar der høybørene vart bora med børatog. Hovolden med børatog står som kjennemerket for Vassvøri sogelag si heimeside, der verksemda i laget er samla og boret fram for lesarane.

18/04/10 

Vassvøri Lokalarkiv

[Lokalarkiv] [Biletarkiv]
Kopi av brev frå senator Knute Nelson til "Lendsmand Mugaas"

Arbeidsområdet til arkivet femner om gamle Evanger herad.

Arkivet har som føremål å samla inn, ta vare på, ordna og registrera kjeldemateriell frå lag, organisasjonar, verksemder og private.

Arkivmaterialet vert sikra og tatt vare på i kvelven i Evanger Heradshus.

Arkivet vert styrt av ei nemnd som styret i Vassvøri sogelag har peikt ut

Det innsamla materialet er arkivet sin eigedom når ikkje anna er avtalt. Arkivet kan etter særskild avgjerd deponera material når materialet har stor kjeldeverdi.

Etterkvart som materialet er registrert og ordna gjer nemnda materialet tilgjengeleg for ålmenta etter gjeldande reglar for innsyn i arkiv.Det vert høve til å sjå aktuelt materiale i Heradshuset sine lokalar, men materialet kan ikkje lånast ut av huset.

Oversikt over innhaldet i arkivet vert synt her på heimesida og i sogebrevet ”Vassvøringen”.

Copyright © 2010 Vassvøri Sogelag Kupedalen 40, 5723 Bolstadøyri - -

[Framsida] [Om laget] [Årsskriftet] [Sjåverdig] [Aktivitetar] [Arkiv] [Innmelding] [Kontakt] [Lenkjer]