I Evanger var det mange brattlende fjellgardar der høybørene vart bora med børatog. Hovolden med børatog står som kjennemerket for Vassvøri sogelag si heimeside, der verksemda i laget er samla og boret fram for lesarane.

18/04/10 

Vassvøri Biletarkiv

[Lokalarkiv] [Biletarkiv]
Strandstaden På Evanger etter storbrannen i 1923

Vassvøri Biletarkiv er ei lokalhistorisk biletsamling som skal gje  ei verdfull biletleg framstilling av fortida i Vassvøri og sikra fotomateriale om notida for framtida.

Styret i Vassvøri sogelag har vald ei nemnd som arbeider med fotoarkivet.

Sogelaget har tatt over eit fotoarkiv frå Evanger Husmorlag.

Bileta frå dette arkivet er avfotografert og registrert av Voss Folkemuseum. Museet har forstørra og kleba opp nokre av bileta på kartong. Desse bileta er i sogelaget sitt eige.

Filmane til alle bileta er ført over på Foto – CD.

Knut O. Mestad (1889 – 1936) var ein ivrig bygdefotograf som etterlèt seg eit verdfullt biletmateriale. Med velviljug samtykke frå familien Mestad har Vassvøri Biletarkiv fått overført glasplater og filmar frå Knut Mestad si samling til Foto-CD.

Det har også vore lånt inn bilete frå folk i grendene til avfotografering. Dette er eit arbeid som Olav Edal har ansvaret for. Desse bilete vert òg ført over på Foto-CD.

Vassvøri Biletarkiv har skipa til utstillingar både på Bolstad og Evanger. Årboka ”Frå fjell til fjord” er ein flittig brukar av biletmaterialet frå arkivet.

På denne heimesida vil Vassvøri Biletarkiv syna bilete frå samlinga si.

Copyright © 2010 Vassvøri Sogelag Kupedalen 40, 5723 Bolstadøyri - -

[Framsida] [Om laget] [Årsskriftet] [Sjåverdig] [Aktivitetar] [Arkiv] [Innmelding] [Kontakt] [Lenkjer]