I Evanger var det mange brattlende fjellgardar der høybørene vart bora med børatog. Hovolden med børatog står som kjennemerket for Vassvøri sogelag si heimeside, der verksemda i laget er samla og boret fram for lesarane.

18/04/10 

Tingstovekvelven

[Evanger Heradshus] [Bjørn Rongen] [Knute Nelson] [Flåtemuseet] [Tingstovekvelven]
Tingstovekvelven

Tingstovekvelven kan leigast til møte eller sosiale samkomer for små grupper (8-10 personar). For meir info ring leiar tlf. 97032294.

Det har vore tingstad på Bolstad i århundre.Nemninga var Vassværens Tinglag.

I Voss tingbok nr. 3 står det: “Anno 1662 holtis ledings och Sage tingpaa Bolsta ii Vadssuer Otting.” Sorenskriver Niels Kaa bygde Borggarden på Øyri i 1663. Om han óg bygde tingstova som ligg like ved, eller om bygningen var ført opp frå før, veit me ikkje. Tingstaden vart flytt frå Bolstad til Evanger i 1866; men nemninga “Tingstovehuset” har helde seg like fram til våre dagar. Under tingstova er det ein kvelv som er nemnd slik i branntaksten i 1846:
“Under Bygningen er en af god Graasten muret Hvelvingskjelder 7 1/2 Alen lang 5 Alen bred 41/2 høi i Midten med 2 forsvarlige Dører”. Alle kvelvveggane er på utsida dekka av eit tjukt lag med morenesand. Då betonggolvet vart fjerna, fann me ein mengd med vinflaskeskår. Etter alt å dømma  har kvelven tent  som vinkjellar for gjestgjeveriet.

Før restaureringen i 2001 var kvelven nytta til lagerrom. Det var store kondensskadar på kalkpussen, og dørlås og -beslag hadde rustskader.

Medlemer i Vassvøri sogelag har lagt ned om lag 800 timar i dugnadsarbeid. Det største arbeidet har vore å fjerna den skadde kalken. Den opphavelege gråsteinkvelvingen er avdekka; men eit felt av kalkmurpussen står att som dokumentasjon.

Sogelaget har av eigaren av tingstovehuset, André Olsen, fått råderetten til kvelven.

Sogelaget nyttar kvelven som dokumentasjonstad for Bolstadøyri som gamalt trafikknutepunkt, ting og handelstad. Det er òg ein treffstad for seniorkarane som møtes fyrste tysdag i månaden.

 Kvelven vil gå inn som ein post i “Kulturløypa” som Vassvøri sogelag har lagt opp i samband med vitjing på Flåtemuseet og vandring i Øyragata.

Copyright © 2010 Vassvøri Sogelag Kupedalen 40, 5723 Bolstadøyri - -

[Framsida] [Om laget] [Årsskriftet] [Sjåverdig] [Aktivitetar] [Arkiv] [Innmelding] [Kontakt] [Lenkjer]