I Evanger var det mange brattlende fjellgardar der høybørene vart bora med børatog. Hovolden med børatog står som kjennemerket for Vassvøri sogelag si heimeside, der verksemda i laget er samla og boret fram for lesarane.

18/04/10 

Reislevegene

[Reislevegene] [Kjøtproduksjon] [Sogelagsturar] [Minneord]
Reislevegane - Informasjonskilt "3", Homannafossen ved reislevegen Horvei - klikk for et større bilde

Reislevegane - Informasjonskilt "3", Homannafossen ved reislevegen Horvei

Fram til slutten av 50- åra måtte dei fleste fjellgardane i Evanger kommune klara seg utan veg. Dei måtte hjelpa seg med togbane og kløvjing med hest.

Det var sjeldan at folka på fjellgardane gjekk lausreipa til eller frå bygda, som oftast hadde dei bør på ryggen.

Medlemer i sogelaget kom med framlegg om å rydda dei gamle reislevegane som var attgrodde og ute av bruk.

Formålet var å gjera reislevegane kjente blant folk, og samarbeida med skulene for å læra elevane om livet på gardane i tidlegare tider.
Reislevegvandrarane ville òg få ei god oppleving gjennom fysisk aktivitet, naturoppleving og lokalhistorie.

I 2001/2002 vart reislevegen Bolstad – Øvstedalen rydda og merka.

I 2004 vart det same gjort med reislevegen Horvei –Geilane. I arbeidet med den sistnemnde vegen var forutan Rongen skule også Gjeilen Vellag med i ryddearbeidet.
Det er utarbeidd informasjonsfaldarar for begge desse vegane med kart og namn på stader langs vegane. Soger og hendingar som er knytt til vegane har fått nr. i faldarane. Faldarane finn du i ein postkasse på startstadane.

Copyright © 2010 Vassvøri Sogelag Kupedalen 40, 5723 Bolstadøyri - -

[Framsida] [Om laget] [Årsskriftet] [Sjåverdig] [Aktivitetar] [Arkiv] [Innmelding] [Kontakt] [Lenkjer]