I Evanger var det mange brattlende fjellgardar der høybørene vart bora med børatog. Hovolden med børatog står som kjennemerket for Vassvøri sogelag si heimeside, der verksemda i laget er samla og boret fram for lesarane.

18/04/10 

Om laget

[Kart] [Lagsmerket] [Styret] [Årsmeldinger] [Årsmøte]
Vassvøri sogelag har lagsrom og utstillinger i Evanger Heradshus

Vassvøri sogelag vart skipa den 5. mars 1993.

Laget er tilslutta Hordaland sogelag, Landslaget for lokalhistorie og Landslaget for lokal- og privatarkiv.

Føremålet til laget er å fremja interessa for slekts- og lokalsoga og kulturvern. Laget  samlar inn, tek vare på, og formidlar det som kan fortelja om levekåra i grendene gjennom tidene.

Sjølv om røtene går attende til førhistorisk tid med busetnad inst i Bolstadfjorden; medan isbreloket enno låg over storparten av Vossaveldet, har sogelaget til no funne oppgåver i nærare tid.

Desse oppgåvene vil sogelaget at gamle og unge på Bolstad, på Evanger og i Teigdalen skal fatta interesse for, og løysa i aktivt samarbeide.

Laget gjev ut sogebrevet ”Vassvøringen” til medlemene, 3 – 4 gonger i året.

Årsmelding 2007

Årsmelding 2008

Årsmelding 2009

Copyright © 2010 Vassvøri Sogelag Kupedalen 40, 5723 Bolstadøyri - -

[Framsida] [Om laget] [Årsskriftet] [Sjåverdig] [Aktivitetar] [Arkiv] [Innmelding] [Kontakt] [Lenkjer]