I Evanger var det mange brattlende fjellgardar der høybørene vart bora med børatog. Hovolden med børatog står som kjennemerket for Vassvøri sogelag si heimeside, der verksemda i laget er samla og boret fram for lesarane.

18/04/10 

Minneord om Atle O Bolstad

[Reislevegene] [Kjøtproduksjon] [Sogelagsturar] [Minneord]

Minneord om Atle O. Bolstad.
Torsdag 4.juni vart ein trist dag for oss. Då fekk me melding  om at Atle ikkje var med oss lenger. Me visste at han ei tid hadde vore alvorleg sjuk, men saman med han var me optimistar og trudde i det lengste at han skulle vinna over kreften og få vera med oss i sogelagsarbeidet lenge enno.
Slik gjekk det ikkje, og for Vassvøri sogelag og mange andre i Bolstadbygda vert det no ein ny kvardag, utan Atle.
Atle var ein person som det var lett å koma i kontakt med for både små og store. Han hadde stor arbeidskapasitet og det verka som om ingen oppgåver var for store eller for små for han. Han var interessert i så mykje og var med i det meste som rørte seg i bygda.
Dei siste 16 åra var det arbeidet i Vassvøri sogelag og alt som hadde med tradisjon og kultur å gjera som opptok han mest. Kulturminnestafetten og flåteferda, flåtemuseet, tingstovekvelven, reislevegar til Mæland og Geilane, Knute Nelsondag med heimelaga kling etter Atleoppskrift, berre for å nemna nokre av oppgåvene han la ned utruleg mykje arbeid i.
Det er trist at han ikkje får oppleva nyutgjevinga av Bjørn Rongen sin romantrilogi ”Toget over vidda” om rallarlivet og bygginga av Bergensbanen. Han la ned mykje arbeid i dette prosjektet som er sogelaget sitt bidrag i høve 100-årsjubileet for Bergensbanen.
Han la til rette for at dei unge skulle få interesse for sogelagsarbeid og var ein kjær og velkomen gjest på Bolstad skule. Han var tolmodig med elevane og gav dei mykje kunnskap om farne tider. Mange elevar vil nok hugse koselege timar i skogen  med Atle og andre sogelagsmedlemer, der dei rydda greiner og lyng i reislevegen, for så å kunna setja seg ned og kvila seg med bollar som Atle hadde bakt.
Atle var ein inspirerande person å samarbeida med, han var kunnskapsrik, dyktig, kreativ og flink å gje ros til andre, men me måtte ha god tid saman med han, for ingen ting gjekk på slump, alt var grundig og gjennomtenkt arbeid frå første stund.
Me i sogelaget kjem til å merka saknet etter Atle, for me var så sikre på at me skulle ha han med oss vidare, som ein me kunne spørja når me møtte på vanskar og ting me ikkje visste svaret på.
Heldigvis sit me att med mange gode minne  om Atle og  me vil takka  for stor innsats i Vassvøri sogelag gjennom 16 år.
Me lyser fred over minnet hans!


Vassvøri sogelag
v/ Grethe Finsrud Agerlie

Last ned minneorda i Word-format

Copyright © 2010 Vassvøri Sogelag Kupedalen 40, 5723 Bolstadøyri - -

[Framsida] [Om laget] [Årsskriftet] [Sjåverdig] [Aktivitetar] [Arkiv] [Innmelding] [Kontakt] [Lenkjer]