I Evanger var det mange brattlende fjellgardar der høybørene vart bora med børatog. Hovolden med børatog står som kjennemerket for Vassvøri sogelag si heimeside, der verksemda i laget er samla og boret fram for lesarane.

18/04/10 

Lagsmerket og namn

[Kart] [Lagsmerket] [Styret] [Årsmeldinger] [Årsmøte]
image001

Lagsmerket og - namn

Logoen til Vassvøri sogelag

Lagsmerket og borda på startsida er forma av Johannes Mjeldheim.
Dei  loddrette stolpane er røter, og dei tre blada øvst i merket er eit symbol for dei tre grendene i sogelaget.
Valknuten, som er hovudmotivet i merket, er eit gamalt norrønt motiv som m. a. vart brukt i vern mot vonde makter.
Elva som knytter grendene saman kjem klårt fram i bylgjeborda.
 Namnet Vassvøre er det gamle namnet på tinglaget som hadde møtestad i tingstova på Bolstadøyri
Til dette tinglaget høyrde Evanger sokn og den inste delen av Stamnessokna.

Johannes Gjeråker meiner at namnet frå fyrst av har vore namn på fjorden frå Straume og inn til Bolstad, eller så langt ein kunne fara med båt, til Evanger. Sidan har fjordnamnet her, som ofte elles, vorte namn på bygdelaget ved fjorden.
 

Copyright © 2010 Vassvøri Sogelag Kupedalen 40, 5723 Bolstadøyri - -

[Framsida] [Om laget] [Årsskriftet] [Sjåverdig] [Aktivitetar] [Arkiv] [Innmelding] [Kontakt] [Lenkjer]