I Evanger var det mange brattlende fjellgardar der høybørene vart bora med børatog. Hovolden med børatog står som kjennemerket for Vassvøri sogelag si heimeside, der verksemda i laget er samla og boret fram for lesarane.

18/04/10 

Knute Nelson stova

[Evanger Heradshus] [Bjørn Rongen] [Knute Nelson] [Flåtemuseet] [Tingstovekvelven]

Knute Nelson dag
Vassvøri sogelag i samarbeid med Voss kommune skipar til den årlege Knute Nelson dag på Kvilekvål, månadskiftet august-september

 

Knute Nelson stova  2006 - klikk for et større bilde

 Knute Nelson stova 2006  - klikk for et større bilde

Senator Knute Nelson vitjar Kvilekvål i 1899  - klikk for et større bilde

Senator Knute Nelson vitjar Kvilekvål i 1899

Knute Nelson vart fødd i  1842 på Kvilekval i Voss kommune og vaks opp i gamlestova som no er freda. Moren; Ingebjørg vart åleine med sonen og dei to utvandra til  USA i 1849 der dei først slo seg ned i Chicago. Etter at mora vart gift flytta familien til Skoponong i Wisconsin, og seinare til Koshkonong. Knute hadde gode evner og gjekk med stor iver opp i skulearbeidet.

18 år melde han seg frivillig til nordstatsida i borgarkrigen, vart såra og tatt til fange. Etter krigens slutt fullførte han sine jusstudiar og vart autorisert sakførar. Han flytta til Alexandria i Minnesota, der han vart vald til Statsadvokat i 1872. Dei vidare omboda hans var guvernør for Minnesota og senator i 5 valbolkar, siste gong utan motkandidat. Knute Nelson vitja Noreg i 1899. Han døydde brått på toget frå Washington til heimen i Minnesota i 1923.

Sogelaget har tilsynet med Knute Nelsonstova, står for omvisning, og skipar til ein årleg ”Knute Nelson –dag”. Forutan sjølve stova har sogelaget også samla mykje stoff om Knute Nelson.

Noko av dette er nytta i  ein informasjonfaldar som sogelaget har utarbeidd

Copyright © 2010 Vassvøri Sogelag Kupedalen 40, 5723 Bolstadøyri - -

[Framsida] [Om laget] [Årsskriftet] [Sjåverdig] [Aktivitetar] [Arkiv] [Innmelding] [Kontakt] [Lenkjer]