I Evanger var det mange brattlende fjellgardar der høybørene vart bora med børatog. Hovolden med børatog står som kjennemerket for Vassvøri sogelag si heimeside, der verksemda i laget er samla og boret fram for lesarane.

18/04/10 

Kjøtproduksjon

[Reislevegene] [Kjøtproduksjon] [Sogelagsturar] [Minneord]

Dokumentasjon av kjøtproduksjon (pylsing) i Vassvøri.

Fram til 1940-åra var det fleire ulike handverk som blømde i Evanger kommune.
Det var skomakarverksemd, sying av uniformar, tredreieverksemd, produksjon av sjakkbrikker. leikety- og rokkeproduksjon og pylseproduksjon.
Av desse verksemdene er det berre den siste, pylseproduksjonen, som har overlevd. Etter det me veit, er dette det eldste handverket i bygda.
Sogelaget har sett det som ei viktig oppgåve å dokumentera soga til desse verksemdene.
Det er alt skreve om dette i årsskriftet ”Frå fjell til fjord”.

Når det gjeld pylseproduksjonen er denne framleis oppegåande med 2 pylsefabrikkar i bygda.
Sogelaget sette for nokre år sidan ned ei nemnd med føremål å samla mest mogleg dokumentasjon om kjøtindustrien i Vassvøri.
Nemnda er komen over mykje interessant stoff som den vil gi ut i bokform.
Innhaldet i boka vil m.a. favna:
 

•Tilføring av dyr frå andre bygder, stølsdrift –
•Om dryftevegar med ytterpunkt mellom Valdres og strilelandet.
•Kva dyr som vart brukt, kva som vart nytta på dyret til ulike formål. Dei gamle namna på kroppsdeler og innmat på dyra.
•Pylseproduksjon for hand. Avskjering, blanding av ulike kjøtslag og lagringsmåtar fram til pylsinga tok til.
•Mekanisering av maling, elting og pylsinga opp gjennom tidene.
•Røyking og turking av pylsene. Eldhustypar og ved til å røykja med. Oreveden sine særskilde eigenskapar til dette.
•Salsapparatet. Transport av råstoff of ferdigvarer før og etter at jarnbana kom. Prisar på råvarer og ferdigvarer. Fortenesta.
•Kven arbeidde i ”pylso” og kva tente dei.
•Ringverknadar av pylsinga. Kasseproduksjon, vedhogst og innleigd hjelp.
•Soger og hendingar vedrørande pylsinga.
•Korleis ser framtida ut for fårepylsa og verksemdene på Evanger?
•Ordforklarigar. Mål, vekt og penge-einingar

Utstyr knytt til pylseproduksjonen. Synt fram på Kulturminnedagen 2004

Utstyr knytt til pylseproduksjonen. Synt fram på Kulturminnedagen 2004

Copyright © 2010 Vassvøri Sogelag Kupedalen 40, 5723 Bolstadøyri - -

[Framsida] [Om laget] [Årsskriftet] [Sjåverdig] [Aktivitetar] [Arkiv] [Innmelding] [Kontakt] [Lenkjer]