|
Evanger kommune gjekk i 1964 saman med Vossestrand- og Voss kommune. Bergsdalen og Eksingedalen i Evanger vart overførde til den nye kommunen Vaksdal. Gamle kyrkjevegar, slekt- og venskap har ført til at samkvæmet med dei overførte fjellgrendene framleis er halde ved lag, noko som òg syner seg i interessa for sogelaget.
Gamle Evanger kommune er markert på kartet med sterkare farge. Bolstadøyri og Evanger er stasjonar på Vossebana; men toglina er ikkje teikna inn på kartet.
|