|
Ei samarbeidsgruppe av friviljuge organisasjonar i kommunane Voss, Vaksdal, Modalen og Osterøy tok i høve Kulturminnestafetten -97 på seg å rekonstruera Vossahandelen, den gamle tradisjonen med å fløyta tømmer frå Vossabygdene til Norhordland og Bergensområdet.
Prosjektet starta med skogdag på Voss i april 1997, tømmerfløyting i Vosso i juni, bygging av flåte på Bolstad i juli, og så flåteferd med årer og segl til Salhus.
På denne ferda tok flåten med seg kommunane sine valde kulturminne som vart overlevert ved ei stor mønstring i Salhus 13. august.
Flåteprosjektet vart nemnt som eit av dei beste og mest markante av alle kulturminneprosjekta i kulturminneåret 1997.
Flåten vart slept attende til Bolstad. Der vart det bygd eit flåtenaust som museum, etter eit forslag som Arne Høyland, Lindås, sette fram under flåtestarten frå Bolstad.
Vassvøri sogelag tok på seg oppgåva å realisera prosjektet.
I løpet av flåteferda hadde Voss kommune løyvd dei naudsynte pengane som sikra returbilletten for tømmerflåten.
Morgonen etter Kulturminnedokumenta var leverte i Salhus, vart flåten slept attende til Bolstad.
Vinteren 1998 vart det hogd tømmer til naustbygget, og våren etter byrja byggjinga.
Valget av grindverk som konstruksjon gav seg sjølv.
I det opne naustet kan ein sjå flåten, fjorden og fjordlandskapet saman. Dette ville ikkje vore mogleg om ein hadde kledd inn flåten med tette veggar.
Det er ikkje elektrisk straum fram til Flåtemuseet. Den opne konstruksjonen var óg naudsynt for å få dagsljos inn på flåten og informasjonstavlene.
Kjell Andresen har teikna bygget. Knut Øvstedal har vore byggjeleiar. Saman med tømrar Harald Aldal og mange gode friviljuge hjelparar frå Bolstad har flåtenaustet vorte reist.
|