I Evanger var det mange brattlende fjellgardar der høybørene vart bora med børatog. Hovolden med børatog står som kjennemerket for Vassvøri sogelag si heimeside, der verksemda i laget er samla og boret fram for lesarane.

18/04/10 

Bjørn Rongen samlinga

[Evanger Heradshus] [Bjørn Rongen] [Knute Nelson] [Flåtemuseet] [Tingstovekvelven]
Forfattaren Bjørn Rongen vart fødd på Evanger i 1906

Forfattaren Bjørn Rongen vart fødd på Evanger i 1906. Han vaks opp i Ronga-huset. Han drog til Oslo for å studera og vart etter kvart forfattar på heiltid. Han busette seg sidan i Drøbak.

Bjørn Rongen sin forfattarskap var vidtrekkande og vesentleg.

Sjølv om Rongen slo seg ned austpå, var mykje av bakgrunnen i bøkene hans henta frå natur og miljø på Vestlandet.
Trettiåras økonomiske krise, vonløyse og politiske uro tok Rongen opp i sine samfunnskritiske og satiriske førkrigsromanar.

Etter krigen kom verket om bygginga av Bergensbanen. Desse bøken står blant dei fremste i norsk arbeidarlitteratur.
På slutten av forfattarskapen vende Rongen seg til dei yngre lesargruppene. Dei velskrivne barne- og ungdomsbøkene vart svært omtykt både her i landet og i utlandet.
Rongen vart mykje kjend som ein framifrå novellist. Med stor fantasi, sikker språkføring og god humor strøymde det mellom 400 og 500 noveller frå pennen hans.
Rongen var ein ivrig avisdebattant. Det var særleg språkspørsmål og innkjøpsordning for norsk skjønnlitteratur som engasjerte han. Bjørn Rongen var styremedlem i Den norske Forfatterforening i 1940 – 1945.
Han har gjeve ut 16 romanar, 2 novellesamlingar og 12 barne- og ungdomsbøker. Mange av bøkene er omsette til framandspråk.

Prisar:

1953 Kultur- og kirkedepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur.
1955 Gyldendals Legat
1962 Melsomprisen

Bjørn Rongen sine bøker er utselde og ikkje trykt opp att i nye opplag.
I  norsk litteraturhistorie har ikkje forfattarskapen til Bjørn Rongen fått nokon stor plass.

Då Vassvøri sogelag baud inn til eit Bjørn Rongen-seminar på Evanger i september 2006, så var det ikkje berre for å minnast at det var 100 år sidan forfattaren vart fødd; men òg for å løfta fram forfattarskapen til Bjørn Rongen slik den retteleg fortener.

Saman med Gyldendal Forlag vil sogelaget freista å gjeva ut trilogien om rallarlivet under bygginga av Bergensbanen till 100 års jubileet for opninga av banen i 2009.

Webadresse: http://www.bjorn-rongen.com

Copyright © 2010 Vassvøri Sogelag Kupedalen 40, 5723 Bolstadøyri - -

[Framsida] [Om laget] [Årsskriftet] [Sjåverdig] [Aktivitetar] [Arkiv] [Innmelding] [Kontakt] [Lenkjer]