I Evanger var det mange brattlende fjellgardar der høybørene vart bora med børatog. Hovolden med børatog står som kjennemerket for Vassvøri sogelag si heimeside, der verksemda i laget er samla og boret fram for lesarane.

18/04/10 

Årsmøte

[Kart] [Lagsmerket] [Styret] [Årsmeldinger] [Årsmøte]

Innkalling til årsmøte  2010

Vassvøri sogelag held årsmøtet sitt i  ungdomshuset på Bolstad
søndag 7.mars kl. 16.00

Årsmelding
Rekneskap
Innkomne saker
Orientering om BEB, grendalaget
Val
Handlingsprogram
Budsjett

Saker ein ynskjer skal handsamast på årsmøtet må vera styret i hende
innan  27.februar

Kaffi og noko å bita i.

Etter årsmøtet vil Amerikafararane i styret kåsera om Knute Nelson og visa bilete frå heimen hans i Alexandria.

Vel møtt!

Styret

Årsmøte Vassvøri sogelag i Fjelltun, Brekkhus 8.mars 2009

Referat frå årsmøtet i Vassvøri sogelag  på Evanger 8.mars-09

Atle O.Bolstad opna møtet og ynskte dei 24 frammøtte velkomne. Vaksdal historielag, Voss- og Vossestrand sogelag var inviterte, men møtte ikkje.
Til ordstyrar vart Atle valt, Grethe vart valt til skrivar, og Jostein Forthun og  Olav Århus skal skriva under protokollen.

Atle hadde eit framlegg til møteinnkallinga: det nye styret tek arbeidet med å setja opp budsjett- det var ikkje innvendingar til framlegget.
Grethe las årsmeldinga og den vart godkjend.
Etter årsmeldinga viste Atle bilete frå ymse aktivitetar i laget på videokanon.
Me fekk sjå glimt frå:
-trefelling til demoflåten som skal brukast i skuleprosjektet
-Hagaløa, Atle hadde vore på synfaring. Det stod dårleg til med løa og ingenting å restaurera
-frå Evangerlaurdagen
-Evanger –og Bolstad skular (5.-7.trinn) på Tangen i arbeid med Vossahandelen og  synfaring på flåtenaustet
-dugnad til Knute Nelsondagen og biletet frå dagen
-Geitåni- synfaring
-kulturvandring i BKK på Evanger
-Evanger – og Bolstad skule (5.-7-.trinn) på ekskursjon i Skipshelleren og  på Brørvikskuto der me fekk prøva oss på skjellfangst
-tjørebreiing og opphenging av kjetting på flåtenaustet
-stokkane til demoflåten
-kvelvkarane kosar seg

Rekneskap ved Ragna. Godkjent, men det kom eit spørsmål om det vart betalt moms av ”Frå fjell til fjord.” Det lyt ein finna ut.

Lagspengane skal vera uendra dette året også, kr. 150,-

Ingen innkomne saker.

Val ved Øivind Teigen.
Atle O. Bolstad hadde sagt frå seg attval som leiar, ny leiar vart Grethe Finsrud Agerlie. Nye i styret var Leif Akerlie og Kåre Olav Aldal. Ny varamann vart Jan Rasdal.
Valnemnd : Birger Brekkhus, Per Eskeland og Jorunn R. Hernes.

Handlingsprogram.
Atle gjekk gjennom framlegg til handlingsprogram.Laget har mange store og viktige oppgåver å ta fatt på i 2009. Mellom anna : medtilskipar av årsmøtet til Hordaland sogelag i Eldhus på Evanger,lansering av Bjørn Rongen trilogien på Finse Rallarhelga 14-16.august-09, arbeid med biletarkivet, registrering av stølar, stadnamn og gamle skulehus, Pølseboka- dokumentasjon om pylsing i Teigdalen og Knute Nelson dagen og samarbeid med Jarle Østerbø (løereparasjonar).

Under kaffipausa delte Atle ut blomar til Jorunn som slutta i sogelaget og Ottar Bergstad for godt salsarbeid av sogeskriftet. Øivind Teigen, Per Eskeland, Olav Edal og Knut Hjørnevik i skriftnemnda fekk også blomar for arbeidet sitt.
Revisor får ei bokgåve for jobben han har gjort.
Til slutt delte Arvid ut ei flott bok til Atle og takka han med gode ord  for 10 år som leiar i Vassvøri sogelag. Styret tykkjer det er synd at han lyt gje seg som leiar i laget grunna dårleg helse, men me håpar å kunna dra nytte av kunnskapane hans sjølv om han ikkje sit i styret.
Atle takka og fortalte litt om når han i barndommen besøkte besteforeldra på Evange og seinare når han busette seg  først på Evanger og seinare på Bolstad.

Etter årsmøtet kåserte Arne Mossefinn om geologien i Evanger-området. Han hadde med seg mange steinprøvar som han sende rundt, det tykte møtelyden var interessant. Som takk fekk han fårepølse frå sogelaget.
Den nye leiaren i laget takka for samværet og ynskte alle vel heim.

Bolstad 14/3-09

Grethe Finsrud Agerlie
    -skrivar-

Underskrift:


_________________________________________________________________________
     Jostein Forthun                                                Olav Århus
 


Årsmøte Vassvøri sogelag i Fjelltun, Brekkhus 3.mars 2008

Atle ynskte dei 33 frammøtte velkomne og opna møtet med nokre gode minneord og 1 min. stille for Else Eskeland som gjekk bort i februar -08.

Møteleiar vart Atle O. Bolstad
Skrivar:Grethe F.Agerlie
Skriva under møteboka: Ottar Bergstad og Anlaug Helland.

Årsmøtet har vore kunngjort på vanleg måte og saklista vart godkjend.
Årsmeldinga vart lesen av Grethe F.Agerlie. Godkjent.
Atle viste så ein kort biletkavalkade over kva aktivitetar me har vore med på i året som gjekk.
Rekneskap ved Ragna L.Lien. Godkjent.
Styret syns at lagspengane skal vera uendra og det var årsmøtet einige i.

Innkomne saker:
Per Inge Wetteland har sendt inn ei sak om Hagaløa ved foten av Veten. Den er til nedfalls og han gjer framlegg om restaurering/bevaring av løa. For å gjera noko med dette må sogelaget kontakta eigar, for å hjelpa han med søknader og såleis få ut pengar til restaurering. Atle hadde dette framlegget: sogelaget arrangerer sommartur til denne løa for å sjå på ho og finna ut kva ein kan gjera.

Val v/ Øivind Teigen
Det vart ingen nye i styret, men attval på dei som stod på val.

Atle takka for arbeidet til valnemnda.

Handlingsplan:
Atle gjekk gjennom framlegg til arbeidsoppgåvene for 2008 og tidsfristen me har sett på dei.
Handlingsplanen inneheld nye spennande oppgåver, men nokre ”gamle” går sin gang. Ei utfordring og omfattande oppgåve er ny-utgjevinga av Bjørn Rongen trilogien i høve Bergensbanejubileet i 2009 og samarbeidet med Gyldendal Forlag.

Budsjett:
Atle gjekk også gjennom budsjett for 2008. Ø.Teigen hadde ein kommentar til budsjettet, det skulle vore gjort opp med balanse – det skulle vore sett opp med kr 125 i overskot.

Atle takka for tilliten til å leia laget eitt år til, han takka også styret for godt samarbeid.

Per Eskeland, Øivind Teigen, Olav Edal og Knut Hjørnevik fekk kvar sitt gåvekort for godt arbeid med sogeskriftet ”Frå fjell til fjord”.

Ottar Bergstad fekk blomar, gode ord og takk for utmerka salsinnsats av sogeskriftet.
Årsmøtet vart avslutta med kaffi og  gode kaker.

Etter kaffi vart den nye heimesida til Vassvøri sogelag presentert. Atle viste power point presentasjon av utarbeidinga av den nye heimesida. Møtelyden tykte førsteintrykket var oversiktleg og fint. Testsida finn ein på : www.vassvori.sogelag.org/test/

Nytt styre:

Leiar: Atle O. Bolstad
Styret elles: Arvid Herfindal, Grethe F.Agerlie, Ragna L.Lien,  Jorunn R.Hernes.

Vara:  Kåre Olav Aldal, Kjellaug Århus.
Revisor: Jarle Fadnes

Valnemnd:  Birger Brekkhus,  Per Eskeland,  Anlaug Helland


Møtet slutt kl. 18.00

Grethe Finsrud Agerlie
       - skrivar-
 

Copyright © 2010 Vassvøri Sogelag Kupedalen 40, 5723 Bolstadøyri - -

[Framsida] [Om laget] [Årsskriftet] [Sjåverdig] [Aktivitetar] [Arkiv] [Innmelding] [Kontakt] [Lenkjer]