I Evanger var det mange brattlende fjellgardar der høybørene vart bora med børatog. Hovolden med børatog står som kjennemerket for Vassvøri sogelag si heimeside, der verksemda i laget er samla og boret fram for lesarane.

18/04/10 

Årsmeldinger Vassvøri sogelag 2007

[Kart] [Lagsmerket] [Styret] [Årsmeldinger] [Årsmøte]

Årsmelding Vassvøri sogelag 2009

Laget er tilslutta Hordaland sogelag, Landslaget for Lokalhistorie og Landslaget for lokal- og privatarkiv. Sogelaget held møta sine i eigne lokale i heradshuset på Evanger.
Årsmøtet vart halde i kafeterian i Nærbutikken på Evanger 8. mars 2009 kl 16:00. Det var 24 frammøtte. Etter kaffi kåserte Arne Mossefinn om geologien i Evanger-området. Han hadde med seg steinprøvar frå distriktet som folk fekk sjå og kjenna på.

Leiar Atle O. Bolstad opna møtet og ynskte alle velkomne.
Atle leia og gjennomførte, trass tydelege smerter, heile årsmøtet med god regi.

Under kaffipausen delte leiaren ut blomar til Jorunn Ringheim Hernes som gjekk ut av styret og Ottar Bergstad for godt salsarbeid av sogeskriftet. Øyvind Teigen, Per Eskeland, Olav Edal og Knut Hjørnevik i skriftnemnda fekk og blomar for arbeidet sitt. Revisor i laget, Jarle Fadnes, fekk ei bokgåve.

Til slutt overrekte nestleiar, Arvid Herfindal, ei flott bok til Atle og takka han med gode ord for alle åra som leiar i Vassvøri sogelag.

Leiar Atle O. Bolstad hadde gjeve beskjed om at han, grunna alvorleg sjukdom, ikkje lenger var aktuell for styreverv. Han takka for tida i sogelaget, og fortalde kva laget hadde betydd for han. Han tok oss med på ei ”reise” gjennom livet, der han fortalde frå han var liten gut og fram til dagen i dag kva ”Vassvøre” hadde betydd for han.
Men den 4. juni kom den triste bodskapen at Atle var død.
Sogelaget var  representert i gravferda der leiar  Grethe Finsrud Agerlie talte ved båra. Sogelaget hadde og minneord i avisa ”Hordaland”.
Sogelaget har mista ein stor ressurs. Det er eit stort sakn for laget.

Situasjonen har ført til at laget no reduserer nysatsingar og har valt å konsolidera stillingen.
Det vil seie at vi no brukar kreftene på å gjennomføra dei prosjekta som alt er i gang.
Enkelte av sakene som Atle brann spesielt for, for eksempel Geitåni, har ein måtta leggja på is.

Laget har i 2009 hatt 5 styremøte og vore vertskap for årsmøtet til Hordaland sogelag 28.-29. mars 09.
Møtedelegatane frå Hordaland sogelag vart fortalt utviklingssoga om Evanger av Øivind Teigen. Omvisning i kraftstasjonen v/Arvid Herfindal. I møtelokalet til ”Eldhus”  var det utstilling og utgreiing om pølseindustrien i Evanger-området v/ Åsgeir Brunborg. Festmiddag vart servert i ”Eldhuset” med kåseri av Kjartan Rødland, musikk av medlemer i Evanger Musikklag.
Opphaldet vart avslutta med eit besøk på flåtemuseet og i kvelven på Bolstad der Atle fortalde om tømmerhandel og fjordaferdsel.
Atle, Grethe, Kåre Olav og Kjellaug utførte vertskapsrollen på vegne av Vassvøri sogelag.

Sogelaget har også i år arbeidd med mange oppgåver, nokre av dei er sjølvsagt meir ressurskrevjande
enn andre. Den dominerande saka i 2009 har vore nyutgjevinga av Bjørn Rongen trilogien ”Toget over vidda”.  For å kunna finansiera og få realisert prosjektet tok sogelaget opp eit lån i Voss Sparebank på kr 150 000,- som nemndmedlemene har solidarisk kausjonert for.

I ettertid har me og frå Gyldendal vorte presentert for eit momskrav i tillegg på kr. 37 000,-.  Søknad om ettergjeving av moms vil verta sendt til fylkesskattekontoret.
Prosjektet er no så godt som avslutta. Det som gjenstår er å selja restopplaget på vel 200 bøker.

Vedlikehald. Arvid Herfindal har i vår utført vedlikehald på informasjonstavla i ståi ved Vassenden, denne har han tjørebeisa.  Informasjonstavla på bryggja på Bolstad var ramla ned, denne har han reparert, sett på nye bein og sett opp att.

Evangerlaurdag var 6. juni med fint ver, mykje folk. Sogelaget selde sogeskrift og reklamerte for og tok imot tingingar på Rongen-trilogien.

Sommarturen gjekk i år til Havråtunet på Osterøy. Turen vart mangelfullt annonsert, men 18 personar var med. Deltakarane var først innom tunet der gardsdrift før og no vart omtala, samt ein fekk sjå dei typiske sprakeveggene som dei brukar på Osterøy. Vidare gjekk turen til Gjerstad for meir omvising og orientering. Så bar det til Lonevåg der det var middag.

Helga 14.-16. august var det Rallarhelg på Finse med markering av 100-års jubileet for Bergensbanen.
Triloginemnda var med, representert ved Grethe, Ragna, Øivind og Arvid, saman med Thana og Ole Bjørn Rongen for marknadsføring og sal av Rongen-trilogien.
Det var og to foredrag i sogelagets regi. Det eine av Helge Henriksen om geologien langs Bergensbanen, det andre av Johannes Gjerdåker om forfattaren Bjørn Rongen og romanen hans.
Dei samla 70 – 80 tilhøyrarar i Rallarmuseet, og tilbakemeldingane frå dei besøkjande var positive.

Knute Nelson-dagen på Kvilekvål var i år den 6. september.  Dagen baud på regnver, men under sjølve arrangementet kom faktisk sola. Under rådande omstende må såleis eit frammøte på 28 personar seiast å vera bra! Arvid var guide i stova, viste rundt og fortalde om barndomsheimen til Knute. I staden for den tradisjonelle klingen serverte me i år ekte Senatorsuppe.
Original oppskrift fekk Grethe eigenhendig overlevert i Knute Nelson- huset i Alexandria, Minnesota i sommar.

I jubileumsnemnda til Voss kommune i høve Bergensbanens 100-års markering, var sogelaget representert med leiaren, som og var med under den offisielle festmiddagen på Fleischers på 100-årsdagen 27.11.
Triloginemnda hadde sals-stand under markeringa på Fleischers og i Fraktgodsen same kveld.

I samband med julemessa på Evanger var sogelaget med og selde ”Frå Fjell til Fjord”, både det nye og av eldre årgangar, samt Rongentrilogien. Utsalsprisen på det nye sogeskriftet er no auka til kr 150,-. Men dei som hadde førehandstinga fekk årets utgåve til kr 120,-

Årsskriftet var også i år ute i butikkane i god tid før jul. Arbeidet til nemnda er like grundig som
tidlegare år og tilbakemeldingane har vore gode. Mellom anna var avisa ”Hordaland ” i år verkeleg raus med spalteplassen i sin omtale av boka.  Som vanleg har Ottar Bergstad gjort ein god salsjobb.

Skriftnemnda melder imidlertid om at dei opplever turke i stofftilfanget. Er det nokon der ute som har noko som kan vera av interesse, eller kjenner nokon som har noko? Ikkje nøl, kontakt skriftnemnda! Om ein ikkje føler seg skrivekyndig er skriftnemnda meir enn hjelpsam.

 Pylsebokprosjektet har no gått sin gang, over det mange vil seia, alt for mange år. Pylseboknemnda og styret har hatt fleire møte gjennom året og kome til felles erkjenning at eit alvorleg taktskifte må til. Det er einigheit om at det må tilførast meir innsats og skapast sterkare framdrift i arbeidet med ”Pylseboka”, slik at eit ferdig bokprodukt kan presenterast om ikkje alt for lenge. Det er no engasjert ekstra skrivehjelp, rekruttert blant medlemene.
                                                                                                                   
Internett-heimesida til sogelaget er diverre ikkje alltid like oppdatert.  Grethe tek kontakt med
heimeside-administrator for å friske opp og ajourføra sida. Målet er at styret sjølve skal kunna oppdatera og redigera sida, noko som ikkje har vore mogeleg til no. Administrator, ArticNet Design, har styrt dette.

På førre årsmøte kom det opp spørsmål om det vert betalt moms på ”frå Fjell Til Fjord”. Svaret er nei!

Voss kommune har løyvd kr 10 000,-til prosjektet internett-fotoarkiv. Summen er eit delbeløp av ein total på kr 25 000,-, restsummen er motteken tidlegare. Totalsummen er Vassvøri sogelag sitt bidrag i samband med at ein representant frå Vaksdal historielag (Rolf Erik Veka) skal drive fotoarkiv-prosjektet på heiltid over ein periode. Dette arbeidet har me i fellesskap med Vaksdal historielag, i tillegg er Modalen med. Me låner plass på ein dataservar som Sogn og Fjordane fylkeskommune administrerer. Olav Edal har vore på kurs hos sogningane og lært dei nødvendige grep. For å få  dreis på sakene skal fotonemnda kjøpa inn fotoscanner og skrivar.

Kåre Olav Aldal fekk førespurnad frå Rune Solheim på Eidsland om sogelaget var interessert i ein robåt, ein Strandebarmar som var i hans eiga. Styret takka ja, Kåre Olav henta båten,
no ligg den på Flåtemuseet.

Sogelaget har sendt søknad til Posten Norge A/S om økonomisk stønad til informasjonstavle ved Storestigen. Tilbakemeldinga frå Posten er at søknaden er motteken, ingen info vedr behandlingstid.
Styret har kontakta Statens vegvesen vedr gamle Fadnesbrua over Teigdalselva mellom Fadnestreet og Forvo. Ein ynskjer gamlebrua tilbakeført til sin opphavelege stand. Der vil sogelaget at vegvesenet tek sin pliktmessige del. Laget er villig til å bistå med dugnadsinnsats. Tilbakemeldinga frå vegvesenet er at svar vil koma innan 6 månadar.

BEB-grendautvalet som står for Bolstad – Evanger  - Brekkhus grendautval, er uformelt nedlagt. Dei attverande medlemene i utvalet ynskjer ei formell nedlegging av BEB-grendautvalet og at midlane, dvs pengane, som tilhøyrer utvalet, totalt kr 1 415,- vert overført til Vassvøri sogelag, og rekneskapsprotokollen vert overlevert laget sitt arkiv. Ein vil at årsmøtet i sogelaget avgjer saka.
Andre veka i januar 2010 oppstod det vasslekkasje i Heradshuset på Evanger. Det var spesielt kjellaren som vart råka. Men det trekte og vatn inn i kvelven.                                                                      
                                                                                                                                                                                                       Begge stader lagrar sogelaget sine ting.
Noko av det som er vass-skada let seg redda, men ein del m.a. ”Frå Fjell til Fjord” og Bolstad-bøker er gått tapt. Eit overslag viser at sogelaget har tapt verdiar for ca kr 10 000,-
Det er Voss kommune som er huseigar. Eit eventuelt erstatingskrav  mot huseigar må ein koma attende til. Men sonderingar som er gjort, viser at det kan verta vanskeleg å vinna fram.
                                                                              
Vassvøri sogelag er medlem i Hordaland sogelag, Den Grøne Sløyfa og trivselsgrenda.
Ein har og samarbeid med skulane på Bolstad og Evanger.                                                                       

Utlånsordninga i Heradshuset har vore i drift fyrste torsdagen i månaden. Utlånet har vore lågt dei siste par åra. Me vonar at utgjevinga av Rongen-trilogien vil setja fart i utlånet.

Utsendingar:
Per Eskeland og Arvid Herfindal til årsmøtet i Hordaland sogelag på Evanger.

Styret i 2009 har vore:
Leiar:                            Grethe Finsrud Agerlie
Nestleiar :                      Arvid Herfindal
Skrivar:                          Leif Akerlie
Kasserar:                        Ragna Lønøy Lien
Styremedlem:                 Kåre Olav Aldal
Vara:                               Kjellaug Århus
 Jan Rasdal
Valnemnd: Birger Brekkhus
 Per Eskeland
 Jorunn R. Hernes
Revisor: Jarle Fadnes
Årskontingenten har vore uendra i 2009.
Tal medlemer er 110.

Nedre Skorset, 4. februar 2010.
Leif Akerlie
  -skrivar-


Årsmelding Vassvøri sogelag 2008.       

Laget er tilslutta Hordaland sogelag, Landslaget for Lokalhistorie og Landslaget for lokal- og privatarkiv. Øivind Teigen møter i styret for Hordaland sogelag som kasserar.  Sogelaget held møta sine i eigne lokale i heradshuset  på Evanger.
Årsmøtet vart halde i Fjelltun på Brekkhus 3.mars 2008. Det var 33 frammøtte. Etter kaffi orienterte Atle om den nye heimesida vår og viste power- point presentasjon av korleis den nye sida vil sjå ut.

Leiar Atle O.Bolstad opna møtet og ynskte alle velkomne. Ein starta med 1 minutts stille for å heidra medlem Else Eskeland som gjekk bort tidlegare i år.

Laget har i 2008 hatt 8 styremøte, 1 medlemsmøte og ei synfaring. På medlemsmøtet var det 29 frammøtte. Me fekk kåseri ved Knut Rage og Olav Skjellevig der dei snakka om Claus Pavel Riis og syngespela hans. Atle O. Bolstad stilte spørsmålet ”Kvar vaks Anne Knutsdotter opp?”, Teigdalen eller Tysnes. Svaret fekk me ikkje, men kanskje vert gåta løyst i TV i vår- fyl med!
Som avslutning skulle me få sjå stumfilmen ”Til sæters”, dette er ei perle av ein film, men pga tekniske feil vart framsyninga ein forkorta versjon.

Laget har arbeidd med mange ulike oppgåver dette året, men dei viktigaste og dei me har brukt mest tid på er : Bjørn Rongen-trilogien og Geitåni.
Nyutgjevinga av trilogien om Bergensbanen av Bjørn Rongen er i mål. Me har fått nok tingarar til å setja i gang utgjeving. Boka skal lanserast på Finse under Rallarhelga 14.-16. august -09. Laget har fått innpass i NSB si markering og skal arrangera  kåseri om geologien langs rallarvegen v/ Helge Henriksen og om jernbane tekniske ting v/Inge Hjertås og  Johannes Gjerdåker skal snakka om forfattaren Bjørn Rongen og romanen hans. Det vert sjølvsagt lansering og sal av boka  ”Tog over vidda”.(sjå omtale og lysing i Hordaland i februar).

Sogelaget har også arbeidd med å dokumentera at det påtenkte/prosjekterte kraftverket i Geitåni vil få store innverknader på traseen til Kongevegen og reislevegen. 7.sept. var nokre av styremedlemene på synfaring før ein sette opp og sende ei motsegn mot utbygginga til Hordaland Fylkeskommune.

Andre arbeidsoppgåver har vore dei jamnlege møta med Pylsenemnda for å verta orienterte om framdrifta i arbeidet med å gje ut boka om pylse- og kjøtproduksjon i Teigdalen. Ein har vorte einige om at ein har ei boknemnd, som pylsenemnda tek ansvar for og ei marknad- og økonominemnd som vert sogelaget sitt ansvar.

Sogelaget er med i eit prosjekt som Norsk institutt for kulturminneforskning har sett i gang, for å samla informasjon om skulehus over heile landet. Laget har starta opp registreringa, men arbeidet er ikkje avslutta. Det er/var 15 skulehus i  gamle Evanger kommune.

Eit arbeid med å digitalisera fotoarkivet vårt har me også teke fatt på. Bileta vert publiserte på nettet til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane .Dette arbeidet er planlagt gjennomført i 2009. 

Arbeidet med heimesida til laget er ferdig.Atle har vore på kurs i Oslo om heimesider, arrangert av LLH. Sogelaget har servarplass hjå ArticNet Design.
Adressa er: www.vassvori.sogelag.org 

Under flaumen 28.okt.-07  vart eine bruakaret på Sagabrui/Geitåni  øydelagt. Kåre Olav Aldal har teke på seg ansvaret med å organisera utbetring av  skadane.

Laget har motteke kr. 10.500.- i kommunale midlar til vedlikehald av Flåtemuseet og kr. 10.500.- i prosjektmidlar til eit undervisningsopplegg om fløyting i Vossovassdraget.
Kåre Olav, Atle, Arvid og Birger Brekkhus har hogge tømmer til fløyte-prosjektet. Ein stor takk til Odd Reigstad  som gav sogelaget tømmeret vederlagsfritt. Arvid og Birger har også tjørebreidd museet og sett opp takrenner og kjetting i sommar.
LLH har gjeve tilsagn om kr. 10.000 til vedlikehald av museet og kr. 10.000.- til digitalisering av arbeidshefta for skulane om Flåtemuseet og  trevarehandelen med Bergen.

Sogelaget har fått kr. 1900,- i gåve frå Erling Viksund. Frå Målfrid Tyssen Larsen har laget fått eit maleri av J.C. Dahl, ein kopi av Evanger kyrkje frå 1832. Helge Bergo har gjeve ein Rongen.roman til samlinga vår. I.K.Geitle har gjeve dokument om stølen i Mokedalen og ein artikkel om krigstida på Voss i 1940. Frå Turid og Karl Bolstad har laget motteke verdifullt materiell etter Harald og Ingjald Bolstad sine dødsbu. Dette vert arkivert.

Sogelagsturen skulle i sommar gå til Rosendal, men vart avlyst pga for få påmelde.

8.juni laga me i stand til Knute Nelson -dag. 30 frammøtte fekk høyra Johs. Gjerdåker kåsera om ”Knute Nelson- statsmann og politikar”.
14.juni var det Evangerlaurdag og sogelaget var med og selde årsskriftet og tok imot tingingar på Rongen-trilogien. Me hadde også biletframsyning i heradsstyresalen.
26.september var alt klart for kulturvandring i BKK sine lokale inni fjellet på Evanger. Berre 9 møtte fram, men dei fekk ei interessant orientering om utbygginga og soga til BKK ved Arvid Herfindal, han kjenner denne bedrifta som si eiga bukselomme. Etter turen i fjellet viste Magnar Opedal  forvitnelege  bilete om BKK frå den første oppstart og fram til i dag.

Årsskriftet var også i år ute i butikkane i god tid før jul. Arbeidet til nemnda er like grundig som tidlegare år og tilbakemeldingane har vore gode. Som vanleg har Ottar Bergstad gjort ein god salsjobb.

Vassvøri sogelag er medlem i Hordaland sogelag, Den Grøne Sløyfa og Trivselsgrenda.
Ein har også samarbeid med skulane på Bolstad og Evanger.

Utlånsordninga i Heradshuset har vore i drift og utlånet har vore      bøker.

Per Eskeland var utsending til årsmøtet i Hordaland sogelag, Etne.
Atle O.Bolstad var utsending til årsmøtet i Voss sogelag, Mølstertunet.
Atle O.Bolstad var utsending til markeringa av vegen Voss-Vik 50 år, 13.sept-09
Atle deltok også på Voss sogelag sitt 100-års jubileum 15.nov-09.

Øivind Teigen er medlem i styret i Hordaland sogelag.

Styret i 2008 har vore:
Leiar:Atle O.Bolstad
Nestleiar:Arvid Herfindal
Skrivar:Grethe Finsrud Agerlie
Kasserar:Ragna Lønøy Lien
Styremedl:Jorunn Hernes
Vara:Kjellaug Århus
Kåre Olav Aldal
Valnemnd:Øivind Teigen
Birger Brekkhus
Per Eskeland
Revisor:Jarle Fadnes


Kontingenten har vore uendra i 2008.
Tal medlemer er 112.

Bolstad 1. februar 2009-02-01

Grethe Finsrud Agerlie
     -skrivar-
 


Årsmelding Vassvøri sogelag 2007.                                                                 Årsmedinga i Wordformat

Laget er tilslutta Hordaland sogelag, Landslaget for Lokalhistorie og  Landslaget for lokal- og privatarkiv. Øivind Teigen møter i styret for Hordaland sogelag som kasserar.
Sogelaget held til i heradshuset på Evanger.

Årsmøtet vart halde i Valhall på Bolstad 4.mars kl.16.00. Det var 37 frammøtte og Kari Mykkeltveit og familien Mestad var gjester på årsmøtet. Etter årsmøtet kåserte Kari Mykkeltveit om farfaren Knut O.Mestad og viste fotosamlinga til farfaren. Det er denne fotosamlinga sogelaget har ført over til CD-ar.

Atle O. Bolstad opna og ynskte velmøtt til årsmøtet. Ein starta med eitt minutts stille for å heidra medlemene Reidar Hernes og Ingvald Århus som var gått bort i året.

Laget har hatt 7 styremøte og 1 medlemsmøte.
Medlemsmøtet vart halde 11/11 på nærbutikken på Evanger. Olav Bjørke kåserte og viste bilete frå semesteroppgåva ”Bygningsmiljøet i Evanger sentrum” frå Vestnorsk Kulturakademi .Olav Bjørke gav 3 store plansjar over byggningsmassen i Evangergata.
Trass surt haustver møtte  28 personar opp. Laget serverte betasuppe og tebrød. Inngangspengar var kr.30,-.

Laget har fått kr.5000,- frå Voss kommune for å lydsetja CD-en frå  kulturminnestafetten. 101 bilete var ferdig lydsette til 10 års-jubileet.
Laget har også fått kr 2000,- frå Voss sparebank, eit tilskot til  10-årsjubileet for flåteferda.
Frå Voss kommune har laget fått eit tilskot på kr. 10.500,- til vedlikehald av Flåtemuseet.
I samband med utlysinga av prosjektmidlar frå Landslaget for Lokalhistorie har laget også fått eit tilskot på kr. 10.000.- til digitalisering av arbeidsheftet for skulevitjing på Flåtemuseet.

Flaum i Geitåni seinhaustes har øydelagt det eine brukaret til den nyrestaurerte Sagabrui.  Arne Østerbø har sikra brua. Det har vore synfaring, og Kåre Aldal har kostnadsrekna vølinga..

Saman med kommunen skipa laget til den årlege  Knute Nelson-dagen på Kvilekvål 3.juni.Det vart ein vellukka dag med 60 frammøtte i strålande sommarver. Historikar Karl Jakob Skarstein kåserte om ”Knute Nelson i den amerikanske borgarkrig”.Det var omvisning, sal av infofaldar , Knute Nelson-kling, kaffi og saft.

Den årlege kulturvandringa vart i år skipa til på Brekkhus 13.juni. På programmet stod steinkvelvingsbrua Straumabrua, leiketøyfabrikk, kraftstasjon og ungdomshuset Fjelltun, der det vart servert kaffi og god bakst. Det var 35 personar med på vandringa.
16.juni var laget med på Evangerlaurdagen. Det var utlån frå Bjørn Rongen samlinga og i heradstyresalen viste me Mestadbileta. Laget selde også ”Frå fjell til fjord” til redusert pris.

Jubileumssamlinga for Kulturminnestafetten, 10 årsmarkeringa, fann stad 8.juli på Bolstad.
Markeringa starta ved Flåtemuseet på Tangen til eit gjensyn med flåten og flåtevennene og litt orientering.. Det vart servert flåtebollar og kaffi kokt på kubbe. Det møtte ca. 30 personar. Markeringa held fram i ungdomshuset med framsyning av foto-CD om Flåteprosjektet, kåseri av Arne Høyland om ”Tankar om ideen bak flåteferda og Flåtemuseet”. Det vart servert betasuppe, kaffi og noko å bita i. Det møtte 50 personar, dette var i underkant av det styret hadde rekna med.
I samråd med soknerådet har sogelaget flytta Lensmannsteinen på Evanger og lagt han nedatt til høgre for kyrkjeporten.

Sogelaget har dette året  hatt hyppig  kontakt med Gyldendal Forlag v/Buset om nyutgjevinga av Bjørn Rongen sin trilogi om bygginga av  Bergensbana. Det er 100 års- jubileum for bygginga av Bergensbanen i 2009, der ynskjer Vassvøri sogelag å vera med å markera  seg og selja den nyutgjevne Rongen-romanen. I denne saka har laget eit godt samarbeid med Thana og Ole Bjørn Rongen som også ivrar for å få gjeve ut Bergensbanetrilogien.

Sogelagsturen vår gjekk til høgdegarden Holo i Flåm der Lill og Per Dale var vertskap og serverte kortreist og sjølvprodusert spekematbufet .Alle fekk sjå seg om på garden og høyre gardssoga, etterpå var det kaffi og kaker.  På  heimturen la ein turen innom det nye bryggeriet i Flåm. 24 personar var med på turen.
Ein del av våre medlemer har vore med på Hordaland sogelag sin sommartur i vesterled. Studieturen gjekk til  Hebridene og Scottland.

Årsskriftet var også i år ute i butikkane i god tid før jol. Skriftnemnda har gjort ein framifrå jobb og tilbakemeldingane på innhaldet frå lesarane har vore gode. Også BT, Hordaland og Vaksdalsposten gav gode omtalar. Salssjef Ottar Bergstad har også i år  gjort ein kjempejobb og selt mange årsskrifter.

Vassvøri sogelag er medlem i Den grøne sløyfa.
Laget er medlem i styringsgruppa i Trivselsgrenda Bolstad, eit prosjekt under fylkesmannen i Hordaland.
Utlånsordninga i Heradshuset har vore i drift i år og, utlånet har vore  18 bøker.

Øivind Teigen er kasserar i Hordaland sogelag.
Atle O.Bolstad var utsending til årsmøtet i Hordaland sogelag på Osterøy.
Arvid Herfindal var utsending til årsmøtet i Voss sogelag.

Styret i 2007 har vore:
Leiar:Atle O.Bolstad
Nestleiar:Arvid Herfindal
Skrivar:Grethe Finsrud Agerlie
Kasserar:Ragna Lønøy Lien
Styremedl.Jorunn Ringheim Hernes
Vara:Kjellaug Århus og Kåre Olav Aldal

Valnemnd:Øivind Teigen
Birger Brekkhus
Per Eskeland
Revisor:Jarle Fadnes

Kontingenten har vore uendra i 2007.
Tal medlemer  111.


Bolstad 13/2  2008

Grethe Finsrud Agerlie
      skrivar

Copyright © 2010 Vassvøri Sogelag Kupedalen 40, 5723 Bolstadøyri - -

[Framsida] [Om laget] [Årsskriftet] [Sjåverdig] [Aktivitetar] [Arkiv] [Innmelding] [Kontakt] [Lenkjer]